Det er som om Lugg skriv om ein stad utanfor språket, der forskjellane opphøyrer […] Luggs dikt er stille, dei insisterer ikkje, men skaper svimlande rom […] Men trass all stille, er det og noko akutt eksistensielt, iblant politisk og samtidig, som skjærer seg inn i dikta […] Lugg har alt etablert seg som ein poet å rekne med, med diktsamlingane Lite rekviem (2011) og Dagene er som gress ( 2015). Luggs dikt representerer ei tilbakevending til poesiens kjerne […] Biletføringa er så presis, likevel så tvitydig og urovekkjande, når bileta fører oss mot teiinga, stilla. Lugg manar sterke bilete fram med så enkle og få ord. Poeten vågar å la bilete få stå der, aleine; difor antar dikta også ei uvanleg suggestiv og uroande kraft. Det vert vent. Og vondt. På same tid.
Sindre Ekrheim, Humbaba.noNymånedagene